Blank spot

Hopp til menyen


Klar for tur

Tirsdag 25. Mai, 2004

Ellen og eg har lenge tenkt p� � kome oss meir ut i naturen, og har etter kvart f�tt investert i — og brukt — ein del turutstyr som jakker, sekkar, st�vlar og kokeapparat. No har vi utvida utstyret med eit aldri s� lite telt!

Teltet er av eit slags kjempelett, tomanns kuppeltelt av merket MSR og modell: Hubba Hubba. Etter � ha plaga personalet ved Fritid-Sport her i Bergen og f�tt dei til � setje opp teltet i den bittelille butikken, s� drog vi derifr� med teltpakken under armen.

Men vi bar ikkje tungt; 1,8 kg er ikkje mykje � dra p� n�r vi snakkar om eit tomannstelt med to dukar. Vi har til og med f�tt sett det opp heime i stova, noko som tok mindre enn 5 minutt — glimrande! S� no er vi sv�rt spent p� � f� brukt det ute i naturen, noko vi har tenkt � f� gjort ein del i l�pet av sommaren.

Om andre har lyst til � pr�ve ut dette teltet p� ein ordentleg tur, s� har dei visst eit demonstrasjonstelt til utl�n. Og eg som eigentleg var p� utkikk etter ein sekk. Meir om teltet kjem, s� snart vi har f�tt testa det.

Fritid

Forrige | Neste


Kommentarar

Av: Chris, 26. Mai 2004, kl. 17.57

Litt meir om sekken: Eg var nemleg innom Fritid-Sport dagen f�r, og hadde sett meg ut ein sekk som passa perfekt til meg. Dei hadde sal p� utg�ande modellar, noko som gjorde det enda meir fristande. Men s� var eg usikker p� om pengane ville strekke til, s� eg m�tte heim og sj� over finansane mine f�rst.

Dagen etter var eg s� innstilt p� � f� meg ny sekk, men nedturen var stor d� eg oppdaga at dei hadde seld den eine sekken som eg hadde tenkt � kj�pe meg.

Men for ikkje lenge sidan oppdaga eg at dei hadde sal p� same serien med sekkar i nettbutikken Sportsnett. Dei hadde same storleik til same pris og eg slo til med det same. S� d� er det ikkje lenge til at sekken er meg i hende.



S�k


Om meg

Innhald