Fredag 17. Oktober, 2003
D� eg bestemte meg for � pr�ve meg p� Linux att, byrja eg f�rst med � leite etter informasjon om installasjon. Det kunne d� tenkjast at nokon hadde pr�vd dette p� ei maskin tilsvarande den eg har. P� Linux on Laptops fann eg ei lang liste over sider som tek f�re seg installasjonar p� berbare PC-ar, mellom anna p� Dell-maskiner. Tok utgangspunkt i Jon Dreyer si installering, sidan han har installert Red Hat 9 p� ein PC som er n�rmast identisk den eg eig.
Eg hadde p� f�rehand oppdatert BIOS til nyaste versjon (A06), og sett maskinoppstarten opp slik at datamaskina kunne starte fr� CD. Nedlasting av Red Hat Linux vart gjort i l�pet av natta, fr� FTP-arkivet til Universitetet i Oslo.
Det f�rste eg merka var noko som truleg er ein feil ved det grafiske installasjonsprogrammet til Red Hat 9: Etter � ha valgt norsk tastatur og norsk spr�k, kr�sja installasjonsprogrammet. Dette l�yste eg ved � velje engelsk som installasjonsspr�k, i tillegg til norsk tastatur. Eg har �g pr�vd tekstbasert installasjon p� norsk, noko som fungerte greitt. Utanom norsk tastatur, valgte eg PS/2-mus med to knappar og emulering av knapp nummer tre.
Ellers gjekk installasjonen fint. Lagde meg tre partisjonar: Ein til rot, ein til veksling og ein til heimekatalogar — i denne rekkef�lgja. Det aller meste av utstyr s�g ut til � bli oppdaga automatisk. Eg hadde p� f�rehand valgt Costum
installasjon og fekk s� velje kva programpakker eg sj�lv ville installera. Her valgte eg nesten alt, bortsett fr� ein del tenartenester.
Etter at programpakker var installert, var det tid for � konfigurere X-tenaren. Her endra eg kun skjermtypen til ein Dell Laptop Display 1400x1050
. Skrivaren, som er ein delt skrivar kopla til ei Windows-maskin, vart funnen ved � velje SMB-protokollen d� skrivarkonfigurasjonen dukka opp. Deretter var det omstart, registrering av brukar og registrering p� RHN.
Merk at medf�lgjande up2date, programmet som skal halde systemet ditt oppdatert (omtrent som Windows Update), kr�sjar pga. av utg�tt tryggleikssertifikat. Difor kan det vere lurt � lat vere � registrere deg p� RHN f�r dette programmet er fiksa, ellers stoppar det berre opp. P� rhn.redhat.com st�r framgangsm�ten for nedlasting og oppdatering av up2date.
Som Jon Dreyer nemnde, s� var det naudsynt � skifte ut drivaren (radeon.o) til skjermkortet (ATI Radeon 7500 Mobility) og XFree86-fila. Dette vart gjort etter instruksar fr� http://www.xfree86.org/~alanh/. Dermed kunne eg sl� av skjermen og setje maskina i dvale utan at skjermbiletet vart vrengd n�r eg slo skjermen p� att.
Eg har �g f�tt ordna st�tte for USB-synkronisering av min gamle Handspring Visor. I siste del av «Linuxskolen» (Linuxmagasinet nr. 4), ein artikkelserie i Linuxmagasinet, skriv Kolbj�rn Bekkelund om korleis han har sett opp sin berbare med Linux. Her plukka eg mellom anna opp korleis ein set opp IrDA og kommuniserer med mobiltelefonen via denne. Meir om dette seinare.
CD-brenning fungerer som det skal. For det passa eg p� at Grub vart konfigurert med parameteren hdc=ide-scsi
ved installasjon. Til og med Fn-knappane fungerer fint, med unntak av volum-tastane. Dette andre m�tet med Linux har vore mykje hyggelegare enn det f�rste.