Blank spot

Hopp til menyen


Rett p� trynet

Torsdag 03. April, 2003

Denne dagen byrja fint, opp og ut p� sykkelen tidleg om morgonen p� veg til skulen. Himmelen var bl� og eg sykla forbi k�er av bilar p� veg mot sentrum. Ved Haukeland Universitetssykehus tok eg av fr� Nattlandvegen ved og sykla nedover Ibsensgate.

Sj�f�ren i ein m�rkbl� bil framfor meg bremsa ned i dei trange partia, med ein lang k� av bilar i motsett k�yreretning, s� eg tok tak i bremsehandtaka og klemte forsiktig, s�: PANG! Rett p� trynet, s� det sang! S� sklei eg bortover vegen med eine foten fast i sykkelen. Heldigvis slapp eg unna utan fysiske skader og var det berre mindre materielle skader p� sykkel og kleda. S� det var berre � kome seg ut av vegen, rette p� styret og legge i veg att.

Halve vegen var fuktig, det hadde eg registrert, men at det skulle vere s�peglatt, det kom som ei sv�rt ubehageleg overrasking. Eg burde vel eigentleg skj�nt at det kunne vere glatt, i og med at eg oppe i Nattlandsvegen hadde sklidd p� ein liten issvull. Eg kan tenkje meg at det s�g lite lurt ut for bilane som stod i k�, der eg sklei p� magen bortover asfalten.

Ser ut som om eg m� f� meg ei ny Gore-Tex™-jakke — og investere i sykkelhanskar.

Fritid

Forrige | Neste



S�k


Om meg

Innhald