Blank spot

Hopp til menyen


Stappmett — enno

Mandag 06. Januar, 2003

Sidan eg var sjuk i jula og Ellen hadde sv�rt lyst p� vestlandsk julemat, s� hadde vi pinnekj�t til middag i dag. No er det nokre timar sidan eg �t, men i skrivande stund kjennes det framleis ut som om pinnekj�tet tyt ut av �yrene mine.

Slik gjorde vi det i alle fall:

Pinnekj�t

  • Ein haug med ferdigkappa pinnekj�t
  • Ein haug med bj�rkepinnar

Legg pinnekj�tet i vatn over natta, skift vatn ein gong.

Legg bj�rkepinnane lagvis i botnen av panna. Plukkar du dei ute sj�lv, m� du ta av barken (vi kj�pte pinnar i butikken). Ha i vatn slik at det er i h�gde med pinnane. Ha i kj�tet og lat det koke under lokk til kj�tet losnar fr� beina. Dette tek om lag 2 timar. Pass p� � evt. etterfylle med vatn.

Eg likar pinnekj�t der fettet s� og seie smeltar i munnen. Dette f�r ein ved � brune pinnekj�tet p� langpanne i ovn p� sterk varme eller under grill. Nammenam.

K�lrabistappe

  • Ein k�lrabi
  • Eit par poteter
  • Sjy fr� pinnekj�tet
  • Evt. litt melk

Skrell og del k�lrabien i sm� terningar og kok i lettsalta vatn i 20 minutt. Skrell og del potetene i sm� terningar og ha dette i kjelen saman med k�lrabien og kok i yttarlegare 20 minutt.

Damp godt av k�lrabien og potetene og mos alt saman. Vi nytta stavmiksaren. Ha i litt sjy og evt. melk. Smak til med salt og pepar.

Mat

Forrige | Neste



S�k


Om meg

Innhald