Torsdag 17. Oktober, 2002
I Bergen sentrum er det mange gatemusikantar for tida. Eg har s�rleg merka meg ein mann som syng og spelar gitar. Han har ei flott stemme, men gitarspeling har han ikkje greie p�.
For der st�r han, rett opp og ned, og syng s� det ljomar. Med venstre hand har han teke eit tilsynelatande tilfeldig grep rundt gitarhalsen, medan h�gre hand tvingar fram dei suraste tonane ein kan f� fram p� ein kassegitar.