Blank spot

Hopp til menyen


Ei koseleg helg

Mandag 23. September, 2002

Fredag

Etter at vi, eg og Ellen, endeleg kom oss opp og ut etter nattevakt, fekk vi med oss vener p� kinobeSøk. P� plakaten stod �Austin Powers 3: Goldmember�. Filmen var glimrande (i alle fall den dagen), akkurat nok prompehumor til at tr�tte kroppar fekk trimma lattermusklane. KinobeSøket vart avslutta med ein kort tur p� kaf�.

Laurdag

Dagen byrja med ein tur innom Posten, som arrangerte loppemarknad for 3. helg p� rad. Men det bar �g utvalet preg av. S� var vi innom Zachen og fekk med oss ein smakebit av Forskningsdagane, mellom anna ein debatt om det � vere utbrend. Debattantane var professorane Holger Ursin og Frode Thuen. Eigentleg skulle eg innom eit seminar om blogging, men denne diskusjonen var interessant. Deretter tr�la vi byen rundt etter ein g�ve til Vidar, som skulle feire ein forseinka 24-�rsdag denne dagen.

S� var det fest p� kvelden. Ein koseleg fest med vener, slik koselege festar med vener skal vere. Bortsett fr� at festen slutta med ein sv�rt engasjerande diskusjon, noko som ikkje er alltid like heldig n�r ein har hatt eit visst alkoholkonsum i tida f�r. Men det heile enda lukkeleg for dei involverte.

Sundag

Dagen f�r vart sv�rt lang og gjorde sitt til at dagen etter vart tilsvarande kort. Men sol og varme (og ein telefon fr� �yvind og Maren) fekk oss endeleg opp og ut i frisk luft. Ein sykkeltur til Lille Lungeg�rdsvann gjer godt for ein sliten kropp. S� vandra vi til V�gen Fetevare, der det gjekk i alt som var flytande og bra for den skeive v�skebalansen. Og kortspel.

Alt i alt ei koseleg helg.

Fritid

Forrige | Neste



Søk


Om meg

Innhald