Blank spot

Hopp til menyen


Ete ute?

Mandag 26. August, 2002

� ete ute er ikkje alltid det same som � bruke ei formue p� mat, eller � kj�pe usunn sn�ggmat. Her f�lgjer fem tips til eit billeg m�ltid med rask servering ute i Bergen:

Pastasentralen

Dette er staden for billeg og god pasta-mat. Her er det mykje � velje mellom, b�de av kj�trettar, sj�mat og vegetarrettar. Ikkje nok med det, dei lagar �g pizza i ein ekte steinovn. Porsjonane er s� store at ein av og til kan klare seg med halve porsjonar. Ja, forresten, dei serverer det �g.

Har du lyst � nyte maten heime, kan du ta med deg ferdige rettar eller kj�pe pasta og diverse tilbeh�r. Pastasentralen ligg mellom Bygarasjen og fylkeskommunebygget.

Sze Chuan House

Er du glad i kinesisk mat? Er du glad i sterk, verkeleg sterk, mat? D� er Sze Chuan House staden for deg. Sze Chuan er ein provins i Kina som er kjend for sv�rt godt krydra rettar, og etter eit beSøk i denne restauranten skj�nar du kva dei meiner med sterk.

Lunsjrettane er rimelege og smakfulle, men er lokala for sm� og tronge for deg, kan du gjerne ta med deg maten heim. Sze Chuan House ligg ved Korskyrkja, ikkje s� langt fr� V�gen Fetevarer.

San Marino Pizzeria

P� Land�storget ligg San Marino Pizzeria. Dei serverer truleg den billegaste og raskaste pizzaen i Hordaland. Vi har faktisk opplevd � f� k�yrd ein pizza heim til oss p� 10 minutt! Dei har �g servering i restauranten, og pizzaen er fortreffeleg.

Studentsenteret

Studentsenteret p� Nyg�rdsh�yden er berre ein av fleire stader der SiB har kantine med servering av rimelege m�ltid for fattige studentar. Det er planlagd � byggje eit nytt bygg som skal huse Studentsenteret, men det st�r att � sj�. Inntil vidare f�r vi klare oss med dei store, slitte lokala til kantina.

IKEA

Ved skulestart er det gjerne sett opp gratisbussar for � frakte studentar med lommene fulle av studiel�nspengar ut til IKEA i �sane. Kvifor ikkje nytte h�vet til ein porsjon svenske kj�tbollar for ein rimeleg penge? Her gjeld det � styre unna helgene om du ikkje er glad i � st� fleire timar i k�. Eit lite tips: Ber du om ekstra stor porsjon, s� f�r du ein ekstra stor porsjon, mot eit lite tillegg i prisen. Dei serverer forresten andre rettar enn kj�tbollar �g.

Andre stader?

Eg tek imot fleire tips om stader som er rimelege og som serverer god mat her i Bergen

Fritid , Mat

Forrige | Neste



Søk


Om meg

Innhald