Blank spot

Hopp til menyen


Ei stor musikkhending

Mandag 05. August, 2002

4. august 2002 vil nok alltid bli hugsa som den dagen d� mannen med den utrulege stemma, Bobby McFerrin, sette sitt preg p� byen. I nesten to timar viste han publikum kor utruleg den menneskelege stemma er. Og vi fekk vere med!

Etter � ha h�yrd p� nokre av CD-ane hans, sett delar av ein konsert p� TV og lest om Oslo-konserten i avisa (Dagbladet drog forresten fram terningkast seks), var forventningane til kvelden skrudd opp i skyene (eller skal vi seie den bl� skyfrie himmelen). Men alle forventningane vart innfridd og meir til!

Konsertopplevinga med Bobby McFerrin var p� mange m�tar unik. Ikkje berre fekk vi h�yre korleis mannen med dei lange rastaflettene, gjennom heile sitt stemmeregister p� fire oktavar, leika seg med som bass og sopran samstundes som han sang rytme. Vi fekk �g �ra av � synge med han og � bli akkompagnert av han.

Overraskingar

Ikkje nok med det, vi fekk �g oppleve samspelet mellom McFerrin, bratsj-spelar Bergmund Skaslien og pianist Leif Ove Andsnes. Dei to vart spurd om dei kunne vere p� eit par spontan-nummer rett f�r konserten. Dei fekk ikkje ein gong helse p� hovudpersonen f�r dei sj�lv entra scena, framfor den fullsette Logen. Der oppe fekk gjesteartistane utfalde seg, medan McFerrin, som tydeleg ikkje visste kven dei to var, akkompagnerte.

I tillegg til to kjendisgjestar, fekk fleire fr� publikum pr�ve seg som stjerne for ein kveld. Anten d� Bobby McFerrin gjekk ned fr� scena og sette seg ved sidan av tilfeldig valde personar for � synge saman med dei, d� han spurde om � f� to dansarar til � spontanframf�re dans til sangen hans eller d� han ba om tolv sangarar til � danne eit kor saman med han. 22 ivrige sjelar sprang fram.

S�nn for ordens skuld b�r det nemnast at begge Bergens-avisene, b�de BA og BT gav konserten beste karakter og masse godord. Rett og slett �rets konsert.

Musikk

Forrige | Neste



Søk


Om meg

Innhald