I denne delen skal du lære meir om:
Å lage lister i HTML er rimeleg enkelt og skilnaden på nummererte- og punktlister er svært liten. Kvart punkt i lista ligg i <li></li>
, der elementet «li» står for list-item eller listepunkt på norsk. Desse markerer altså kvart punkt på lista, men vi skal i tillegg sjå nærare på kva som skil nummererte- frå punktlister.
For å markere at ei liste er nummerert nyttar vi elementet <ol></ol>
, der «ol» tyder noko sånt som ordered list eller ordna/nummerert liste. Dette elementet markerer starten og slutten på lista, medan listepunkta blir plassert inne i elementa slik:
<!DOCTYPE HTML PUBLIC "-//W3C//DTD HTML 4.01//EN"
"http://www.w3.org/TR/html4/strict.dtd">
<html>
<head>
<title>
Mi første nettside med lister</title>
</head>
<body>
<h1>
Her er lista mi.</h1>
<ol>
<li>
Dette er første punkt</li>
<li>
Dette er andre punkt</li>
<li>
Dette er tredje punkt</li>
</ol>
</body>
</html>
Lagre fila som «tekst4.html» og opne ho i nettlesaren din. Du har laga di første trepunkts liste! Merk deg at kvart punkt automatisk får eit tal framføre seg i høve til rekkefølgja på lista.
Som nemnd er framgangsmåten for å lage unummererte punktlister ikkje ulik den for nummererte lister. Punktlister blir på engelsk kalla unordered lists, eller uordna lister. Elementet for slike lister blir då kalla <ul></ul>
. Listepunkta skal, som ovanfor, plasserast inne i desse elementa. Slik blir ei punktliste sjåande ut:
<!DOCTYPE HTML PUBLIC "-//W3C//DTD HTML 4.01//EN"
"http://www.w3.org/TR/html4/strict.dtd">
<html>
<head>
<title>
Mi første nettside med lister</title>
</head>
<body>
<h1>
Her er lista mi.</h1>
<ul>
<li>
Dette er første punkt</li>
<li>
Dette er andre punkt</li>
<li>
Dette er tredje punkt</li>
</ul>
</body>
</html>
Her har eg i praksis ikkje gjort noko anna enn å ta forrige fil (tekst4.html) og kun endra <ol></ol>
til <ul></ul>
. Lagre fila som «tekst5.html» og opne ho i nettlesaren din. Her ser du at i staden for eit nummer før kvart punkt, så får du eit punkt.
I neste del skal vi lære litt meir om korleis vi kan lage lister med underpunkt og definisjonslister.
Dette kurset er laga for vidareutdanninga i helse og sosialinformatikk ved Høgskolen i Bergen.