HTML-kurs

Velkommen!

I dette HTML-kurset kan du lære korleis du lagar HTML-dokument eller heimesider. Det er forsøkt skrive for nybyrjarar innan HTML, men kan óg nyttast av dei med litt erfaring innan HTML.

Kurset er delt i to, (1) sjølve kurset og (2) bakgrunnsstoff som gjev deg litt djupare innsikt i enkelte tema. Menyen ser du til høgre (eller om du har ein nettlesar som ikkje støttar CSS nederst på sida). Så då er det berre å setje i gong!

Heile kurset er skrive på dugnad og er difor heile tida under utvikling. Det vil altså kome nye delar med jamne mellomrom. Sjå under «Nytt» for oppdateringar.

Har du spørsmål, kommentarar eller ønske i høve til dette kurset, må du gjerne nytte tilbakemeldings-skjemaet.

Kvifor?

Eg har fått spørsmål om kvifor eg gidd skrive eit HTML-kurs, når ingen skriv HTML meir. Vel, no har det seg slik at det er mange som framleis skriv HTML for hand. Ein av hovudgrunnane er at det enno ikkje finnast noko programvare som lagar god HTML. Skal ein lage korrekt strukturerte HTML-dokument, er ein difor avhengig av å ha kunnskapar om HTML.

Målet med dette kurset er at du som lesar skal få kunnskapar om korleis ein skriv gode strukturerte HTML-dokument, som er leselege overalt med alle typar nettlesarar og datamaskiner.

Nytt

2. mai 2002:
Andre del som handlar om hypertekst er ferdig. Denne handlar om Lenkjer mellom to HTML-dokument.

21. mars 2002:
Første del som handlar om hypertekst er ferdig. Denne handlar om bokmerke i HTML-dokument.

4. mars 2002:
Ein del endringar er gjort etter ein masse tilbakemeldingar frå Usenet. Endringar inneber mellom anna dokumenttype og fargekoding i alle døma, revidering av tekst i følgjande artiklar: Kursdel 2, «Introduksjon til HTML» og «Deklarasjon av dokumenttype». Desse endringane vil ikkje vere merka i dei aktuelle artiklane. Takk for alle tilbakemeldingar!

22. februar 2002:
Ein kursdel om bilete og korleis ein legg desse inn i HTML-dokumentet er ferdig og lagt til.

18. februar 2002:
Har lagt til ein kort artikkel om dokumenttyper og deklarasjon av desse.

13. februar 2002:
Eit emne som mange som vil lage heimeside er opptekne av er bilete på heimesida. Eg har skrive ein artikkel om kva biletformat ein bør nytte.

13. desember 2001:
Tekstformatering del 3 er no klar. Denne omhandlar lister med underpunkt og definisjonslister.

11. desember 2001:
Har etter lang tid, utan å ha lagt til nye sider, registrert ein viss aktivitet på sidene mine att. Har difor tenkt å legge til fleire nye delar til kurset.

21. mai 2001:
Etter litt ventetid har eg no gjort klar Tekstformatering del 2 i HTML-kurset.

30. april 2001:
To viktige meldingar: (1) Fristen for innleveringa av sjølvmeldinga er i dag og (2) dei første delane av HTML-kurset er klare til bruk! Håper det kjem til nytte!


Dette kurset er laga for vidareutdanninga i helse og sosialinformatikk ved Høgskolen i Bergen.

HTML-KURSET

  1. Programvare
  2. Det grunnleggjande
  3. Formatering av tekst 1
  4. Formatering av tekst 2
  5. Formatering av tekst 3
  6. Bilete i HTML
  7. Bokmerke
  8. Lenkjer mellom to dokument

BAKGRUNNSSTOFF

UTE I WWW

ANNA

Valid XHTML 1.1!

Valid CSS!